R.E.M. gav ut Around the Sun i 2004. Under produksjonen av albumet i

Written by

in

R.E.M. gav ut Around the Sun i 2004. Under produksjonen av albumet i 2002, sa Stipe at «[albumet] høyrast ut som det tek av frå dei siste platene og kjem til tidlegare uoppdaga R.E.M.-territorium. På ein måte er det primitivt og brølande». Etter at albumet hadde kome ut, sa Mills: «Eg trur ærleg talt at tempoet på albumet vart seinare enn det vi ville, når ein tenkjer på den vanlege farten.» Around the Sun fekk blanda mottaking av kritikarane, og debuterte på 13. plass på Billboard -listene. Den fyrste singelen frå albumet, « Leaving New York », var på topp 5 i Storbritannia. Til plata og den etterfølgjande turnéen leigde bandet inn ein ny trommeslagar på heiltid, Bill Rieflin , som tidlegare hadde vore med i bandet Ministry . Seint i 2004 var R.E.M. på turné med Bruce Springsteen , Pearl Jam , Bright Eyes og andre under « Vote for Change » i høve det amerikanske presidentvalet det året. I 2005 drog bandet ut på den fyrste verdsturnéen med full lengd sidan turnéen i høve plata Monster ti år tidlegare. Under turnéen deltok dei også på London-konserten til Live 8 .