Don Gehman valde å ikkje produsere det femte albumet til R.E.M., og

Written by

in

Don Gehman valde å ikkje produsere det femte albumet til R.E.M., og føreslo at gruppa burde arbeide med Scott Litt , som med det vart produsent for dei fem neste albuma til bandet. Document (1987) inneheld nokre av dei mest openberre politiske tekstane til Stipe, spesielt gjeld dette «Welcome To the Occupation» og «Exhuming McCarthy », som var reaksjonar på det konservative politiske miljøet på 1980-talet under president Ronald Reagan . Jon Pareles i The New York Times skreiv i meldinga av albumet at «’Document’ er både sjølvsikkert og trassig; dersom R.E.M. held på å gå frå kultstatus til større popularitet viser dette albumet at bandet vil klare det på sine eigne vilkår». Document var albumet R.E.M. fekk gjennombrotet sitt med, og den fyrste singelen «The One I Love» kom inn på topp 20 i både USA, Storbritannia og Canada . I januar 1988 vart Document det fyrste albumet deira som sal ein million eksemplar. I lys av gjennombrotet erklærte bladet Rolling Stone R.E.M. som «America’s Best Rock & Roll Band» i desember 1987.