R.E.M. spela inn størsteparten av det tolvte albumet Reveal (2001) i Canada og Irland frå mai til oktober 2000. Reveal hadde same «dystre stemning» som Up , og hadde med Joey Waronker på trommer, i tillegg til bidrag frå Scott McCaughey (som hadde starta bandet The Minus 5 med Buck) og han som hadde starta Posies , Ken Stringfellow . Salet av plata til saman over heile verda var over fire millionar, men i USA selde Reveal omtrent det same som Up . Albumet kom etter singelen «Imitation of Life», som kom opp på ein 6. plass på listene i Storbritannia. For internettsida Rock’s Backpages , skildra Al «The Rev.» Friston albumet som «fylt med gylden herlegdom i kvar skru og sving», i motsetnad til «hovudsakleg lite overtydande arbeid på New Adventures in Hi-Fi og Up ». På same måte kalla Rob Sheffield Reveal for «ei andeleg fornying med røter i ei musikalsk ei» i bladet Rolling Stone og rosa den «forbløffande venleik[en] som ikkje sluttar».
R.E.M. spela inn størsteparten av det tolvte albumet Reveal (2001) i
Written by
in