Bandet avlyste opptaksøktene på grunn av at Berry slutta. «Utan Bill vart det annleis, forvirrande», har Mills seinare sagt. «Vi visste ikkje heilt kva vi skulle gjere. Vi kunne ikkje øve utan ein trommeslagar.» Dei attverande medlemmene i R.E.M. starta opp att arbeidet med albumet i februar 1998 i Toast Studios i San Francisco . Bandet avslutta det ti år lange samarbeidet med Scott Litt, og fekk Pat McCarthy til å produsere plata. Nigel Godrich vart assisterande produsent, og fekk inn tidlegare Screaming Trees -medlem Barrett Martin og turnétrommisen til Beck , Joey Waronker . Innspelinga var prega av spenning, og gruppa var nær oppløysing. Bertis Downs kalla inn til krisemøte der medlemmene i bandet fekk teke opp problema sine og avgjort at dei ville halde fram som gruppe. Etter singelen «Daysleeper», kom albumet Up (1998), som debuterte på topp 10 i både USA og Storbritannia. Likevel vart albumet relativt sett ein fiasko, med berre 900 000 selde eksemplar i USA ved midten av 1999, og til slutt rett over to millionar verda over. Medan salstala i USA svikta, flytta den kommersielle basisen til R.E.M. seg til Storbritannia, der det vart selt fleire R.E.M.-plater per innbyggar enn i noko anna land, og singlane til bandet regelmessig var på topp 20.
Bandet avlyste opptaksøktene på grunn av at Berry slutta. «Utan Bill
Written by
in