R.E.M. kom tilbake i 1990 for å spele inn det sjuande albumet, Out of Time . I motsetnad til tidlegare album, inneheldt songane på dette albumet utradisjonelle rockeinstrument, som mandolin , orgel og akustisk gitar . Det kom i mars 1991, og var det fyrste albumet som både toppa listene i USA og Storbritannia. Albumet sal til slutt 4,2 millionar berre i USA, og om lag 12 millionar eksemplar på verdsbasis (fram til 1996). Hovudsingelen frå albumet, «Losing My Religion», vart ein suksess verda over, og vart ofte spela på radio og vist på MTV . «Losing My Religion» vart den høgast rangerte singelen til R.E.M. på listene i USA, med 4. plass på Billboard -lista. «Det har vore svært få hendingar som har endra liva våre i karrieren vår, fordi alt har hendt gradvis», har Mills sagt seinare. «Dersom du vil snakke om endringar i livet, trur eg «Losing My Religion» er det næraste ein kjem». Den andre singelen frå albumet, «Shiny Happy People» (ein av tre songar på albumet som hadde Kate Pierson frå Athens-bandet The B-52’s med som vokalist) vart også ein stor suksess, og nådde 10. plass i USA og 6. plass i Storbritannia. Out of Time gav R.E.M. sju nominasjonar til Grammy Awards i 1992, det meste nokon artist fekk det året. Bandet vann tre av prisane, ein for beste alternative musikkalbum og to for «Losing My Religion», beste korte musikkvideo og beste popframføring av duo eller gruppe med vokal. R.E.M. hadde ingen turné for å promotere Out of Time , i staden spela dei inn fleire fjernsynsprogram, eit av dei til ein episode av MTV Unplugged .
R.E.M. kom tilbake i 1990 for å spele inn det sjuande albumet, Out of
Written by
in