I.R.S. sette fyrst R.E.M. saman med produsent Stephen Hague for å spele inn debutalbumet, men det at Hague la så mykje vekt på teknisk perfeksjon gjorde at bandet ikkje var nøgde, og spurde difor plateselskapet om å få arbeide med Easter i staden. I.R.S. gjekk med på ei «prøve»-økt der bandet fekk reise til Nord-Carolina att, og spele inn songen «Pilgrimage» med Easter og produsentpartneren hans Don Dixon . Etter å ha høyrt opptaket lét I.R.S. bandet spele inn albumet med Dixon og Easter. Grunna den dårlege erfaringa med Hague, spela bandet inn albumet gjennom ein prosess der dei nekta å ha med klisjéar frå rockemusikken, som gitarsoloar eller dei då populære synthesizerane , dette for å gje musikken deira eit tidlaust preg. Det ferdige albumet, Murmur , vart heidra med gode kritikkar ved utgjevinga i 1983, og musikkbladet Rolling Stone kåra albumet til den beste plata det året. Albumet kom opp på 36. plass på bladet Billboard si albumliste. Ei nyinnspeling av «Radio Free Europe» var hovudsingelen frå plata, og nådde 78. plass på Billboard si singelliste i 1983. Trass i den gode mottakinga frå publikum, sal Murmur berre i om lag 200 000 eksemplar, noko Jay Boberg på I.R.S. følte var under det ein kunne forvente.
I.R.S. sette fyrst R.E.M. saman med produsent Stephen Hague for å
Written by
in