Gruppa hadde òg ein veldig særeigen visuell stil. Album- og

Written by

in

Gruppa hadde òg ein veldig særeigen visuell stil. Album- og singel-omslaga hadde mangeleta bilete av film- og pop-stjerner, oftast i totonefargar, utforma av Morrissey og kunstkoordinatoren i Rough Trade, Jo Slee. Singelomslaga hadde sjeldan annan tekst enn namnet på gruppa, og bilete av gruppa sjølv vart ikkje trykte på nokon av omslaga på utgjevingar i Storbritannia. (Morrissey dukka likevel opp på eit alternativt omslag på «What Difference Does It Make?», der han etterlikna posituren til personen på det opphavlege biletet, Terence Stamp, etter at sistnemnde hadde protestert på at eit bilete av han vart nytta.) Personane på omslaga var eit uttrykk for Morrissey sine eigne interesser — obskure stjerner eller stjerner frå kultfilmar (Stamp, Jean Marais, Joe Dallesandro, James Dean ), figurar frå britisk kultur på 1960-talet (Viv Nicholson, Pat Phoenix, Yootha Joyce, Shelagh Delaney), eller bilete av ukjende modellar tekne frå gamle film- eller biletmagasin. I motsetnad til den eksotiske moten som var populær på 1980-talet, slik han vart brukt av artistar som Spandau Ballet og Duran Duran , og framstilt i blad som The Face og j-D , kledde gruppa seg stort sett i vanlege klede — dongeribukser og daglegdagse skjorter — som spegla musikken, som søkte å «venda attende til røtene». Frå tid til annan nytta Morrissey effektar som til dømes eit (falskt) høyreapparat (for å stø ein kvinneleg fan som skjemdest over å bruka eit; sjå Morrissey & Marr: The Severed Alliance av Johnny Rogan for meir om dette), briller med tjukke kantar, og han var kanskje best kjend for blomebukettane han hadde (som ofte låg tilfeldig plasserte i baklommene på buksene hans).