Frustrerte over at albuma ikkje hadde god nok distribusjon utanfor

Written by

in

Frustrerte over at albuma ikkje hadde god nok distribusjon utanfor USA, forlét R.E.M. I.R.S. då kontrakten deira gjekk ut, og signerte ein ny med Warner Bros. Records , eit større selskap. I 1988 slapp I.R.S. samleplata Eponymous , som inneheldt dei fleste av singlane til bandet, i tillegg til fleire ukjende songar. Debuten på Warner Bros. Records frå 1988, Green , vart spela inn i Nashville i Tennessee og viste at gruppa eksperimenterte med lydbiletet sitt. Spora på plata var alt frå den fyrste singelen «Stand» (ein stor suksess i USA), til meir politisk materiale, som dei rockorienterte «Orange Crush» og «World Leader Pretend», som høvesvis handla om Vietnamkrigen og den kalde krigen . Green har selt i fire millionar eksemplar verda over. Albumet vart følgt opp med den største og mest visuelt utvikla turnéen bandet har hatt til i dag, mellom anna med kunstfilmar som vart avspela i bakgrunnen på scena. Etter Green -turnéen avgjorde bandmedlemmene uoffisielt at dei ville ha ein pause det neste året, og dette var den fyrste lengre pausen i bandet si historie.