R.E.M. signerte ein ny kontrakt med Warner Bros. Records i 1996, til ein verdi av 80 millionar USD , som var ny rekord på dette tidspunktet. New Adventures in Hi-Fi frå 1996 debuterte på andreplass i USA og fyrsteplass i Storbritannia. Dei fem millionar eksemplara albumet selde var ein tilbakegang etter dei høge salstala dei fem siste åra. Skribent i Time Christopher John Farley, meinte dei dårlege salstala skuldast den matte kvaliteten og dei minkande marknadskreftene til alternativ rock i det heile. Same år skilde R.E.M. lag med manageren Jefferson Holt, etter skuldingar om seksuell trakassering frå ein av dei tilsette på kontoret deira i Athens. Advokaten til gruppa, Bertis Downs, IV , tok på seg manageroppgåvene.
R.E.M. signerte ein ny kontrakt med Warner Bros. Records i 1996, til
Written by
in