Suksessen til Bauhaus vart for stor for 4AD , og i staden vart dei flytta opp til Beggars Banquet Records , der dei gav ut dei tre påfølgjande albuma. Bauhaus hadde moderat suksess med dei nye platene, og dei fekk fleire singlar på topp 100-lista, som «Kick in the Eye» (nr 59), «The Passion of Lovers» (56) og «Spirit» (42). På trass av at dette var den beste plasseringa, var det skuffande, fordi bandet hadde fått dette som ein satsningssong. Likevel fekk Bauhaus ei stor hit med coverversjonen sin av « Ziggy Stardust » av David Bowie . Denne songen var, i motsetnad til tidlegare songar, positiv og særs glamorøs, enno meir enn originalen. Etter kvart vart det mykje fokus på Peter Murphy, og dei andre medlemmane mislikte dette. Det vart etter kvart avgjort at bandet skulle oppløysast i 1983.
oppløysast
Written by
in