I januar 1995 drog R.E.M. ut på den fyrste turnéen på seks år. Han vart ein stor kommersiell suksess, men denne tida var vanskeleg for gruppa. 1. mars dette året kollapsa Berry på scena under ein konsert i Lausanne i Sveits . Det vart klart at han hadde fått ein hjerneaneurysme . Han vart operert med ein gong og var heilt frisk att etter ein månad. Aneurysmen Berry hadde var berre byrjinga på helseplagene som råka bandet under Monster -turnéen. Mills måtte gjennom bukkirurgi for å fjerne ein intestinal adhesjon i juli det året, og berre ein månad seinare måtte Stipe gjennom ein nødoperasjon for å få reparert ein brokk . Trass i alle problema hadde gruppa spela inn mesteparten av det nye albumet medan dei var ute og reiste. Bandet hadde med seg åttesporsopptakarar for å ta opp konsertane, og brukte opptaka som grunnelement til albumet. Etter å ha fullført turnéen var bandet i studio, og spela inn resten av albumet.
I januar 1995 drog R.E.M. ut på den fyrste turnéen på seks år. Han
Written by
in