I 2010 gav R.E.M. ut videoalbumet R.E.M. Live from Austin, TX – ein

Written by

in

I 2010 gav R.E.M. ut videoalbumet R.E.M. Live from Austin, TX – ein konsert dei spela for Austin City Limits i 2008. Gruppa spela inn det femtande albumet sitt, Collapse into Now (2011), med Jacknife Lee på stader som Berlin , Nashville og New Orleans . På dette albumet sikta bandet mot eit meir ekspansivt lydbilete enn med den korte og kjappe stilen dei hadde valt for Accelerate . Albumet debuterte på femteplass på Billboard 200-lista, og vart dermed det tiande albumet til gruppa som nådde topp ti. Med denne utgjevinga var dei kontraktsfesta forpliktingane overfor Warner Bros. oppfylte, og bandet byrja å spele inn materiale utan kontrakt nokre månader seinare, moglegvis med mål om å gje det ut sjølv.