I 1989 fekk verda eit brakande gjensyn med Alice Cooper, då han slapp

Written by

in

I 1989 fekk verda eit brakande gjensyn med Alice Cooper, då han slapp albumet Trash og hitsingelen « Poison ». Poison-songen vart mykje spelt på diskotek og radiokanalar verda over, og Alice hadde dermed gjort ny suksess rundt namnet sitt. Opptida fortsette med Hey Stoopid i 1991 og The Last Temptation i 1994 . Alkoholproblema var borte for godt, og han profilerte seg blant anna som aktiv golfspelar på fritida. Ei rekkje verdsturnear vart gjort i same tidsrom, men så var det stille frå Alice Cooper-kanten heilt fram til år 2000 . Igjen kom det ei rekkje meir anonyme album ut som mangla listeplasseringar av tyding, men fansen svikta han ikkje. Siste album vart gjeve ut i 2005, og etter dette albumet var han på verdensturne. Den 7. juni 2006 vitja han Tennishallen i Stavanger . Han har òg eit eige radioprogram som sender fem timar tre kveldar i veka, der han intervjuar andre kjende rockeartistar. Så trass ein alder av 61 år og eit langt og hardt liv bak seg som rockeartist, er han enno særs aktiv. Han har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame .