Etter å ha kome seg på beina igjen, gjekk Alice Cooper på nytt i studio i 1980 , denne gongen under ein ny profil. Han hadde lagt frå seg sjokkrock-alteregoet og stod fram i ny, korthåra, personleg figur. Med albumet Flush the Fashion som kom ut same året, kasta han seg på pønkbølgja utan å bli lagt særleg merke til. Verken albuma Special Forces frå 1981 , Zipper Catches Skin frå 1982 eller DaDa frå 1983 resulterte i eit comeback for Alice, sjølv om sistnemnde album faktisk er blant eit av dei meir respekterte studioalbuma frå artisten. I nyare intervju har Alice sjølv sagt at han ikkje hugsar noko som helst frå den perioden. Viss han høyrer på songane i dag, klarar han ikkje ein gong å kjenne dei igjen. Alice var nær døden på byrjinga av åttitalet på grunn av eit stadig aukande misbruk av alkohol, og heldt på å omkome for andre gongen i løpet av livet sitt. Første gongen var som liten gutunge, då han vart råka av ein mystisk og ukjend sjukdom som gjorde han underærnert. Men med god hjelp frå kona og familie, klarte han òg denne gongen å kome til hektene att. I 1986 grov han fram alteregoet sitt igjen, men denne gongen i ny profil. Sidan albumet Constrictor kom ut i 1986 , har Alice Cooper nemleg framstått som avhaldsmann og lovlydig, kristen, amerikansk statsborgar. Han laga tre songar for filmen Fredag den trettande del VI , men to av dei vart endra fordi filmmakeren følte dei var for harde. Den tredje songen, som vart teke med i sin fulle og heile versjonen, heitte « He’s Back (The Man Behind the Mask) », og vart den største hitsingel til Alice på mange år. I 1987 følgde albumet Raise Your Fist and Yell , og han hadde verkeleg lagt seg på heavy metal-bølgja .
Etter å ha kome seg på beina igjen, gjekk Alice Cooper på nytt i
Written by
in