EMI , som ny eigar av plateselskapet I.R.S., gav ut ei samleplate med

Written by

in

EMI , som ny eigar av plateselskapet I.R.S., gav ut ei samleplate med dei beste av R.E.M. sine verk på deira plateselskap i september 2006, med namnet And I Feel Fine… The Best of the I.R.S. Years 1982-1987 . DVD -en When the Light Is Mine: The Best of the I.R.S. Years 1982-1987 kom ut på same tid. Same månaden spela alle dei fire opphavlege bandmedlemmene under seremonien då dei vart med i Georgia Music Hall of Fame. Medan dei øvde til seremonien, spela bandet inn ein coverversjon av «#9 Dream» av John Lennon til plata Instant Karma: The Amnesty International Campaign to Save Darfur , eit tributtalbum til inntekt for Amnesty International . Songen, som også vart utgjeven som ein singel i samband med albumet og kampanjen, var den fyrste studioinnspelinga til Bill Berry med bandet sidan han slutta, nesten ti år tidlegare. I oktober 2006, det fyrste året dei var valbare til det, vart R.E.M. nominerte til å vere med i Rock and Roll Hall of Fame. Bandet var eitt av fem nominerte som vart tekne med det året, og seremonien gjekk føre seg 12. mars 2007 på Waldorf-Astoria Hotel i New York . Gruppa, som vart innsette av vokalist i Pearl Jam, Eddie Vedder , framførte fire songar saman med Bill Berry.