Då dei flytta til Detroit , den største scenen for hardrock i USA på den tida, seint i 1970 , møtte dei Bob Ezrin . Han ynskte å gje bandet ein sjanse, og meinte dei hadde potensial til å bli noko stort. Bandet signerte året etter for Warner Bros , og saman med Jack Richardson produserte Bob Ezrin det tredje studioalbumet til bandet, Love it to Death . Arbeidet til Ezrin bar frukter, og plata vart fort eit av tidenes store hardrockalbum. Alice Cooper fekk den første hitten sin inn på listene i USA, songen « I’m Eighteen ». Seinare same år slapp dei Killer , og for første gongen tok dei i bruk strykarar i musikken sin. Denne rockeoperaen gjekk i ei tyngre retning med lange instrumentale komposisjonar tett følgt av små korte hitlåtar. Låten « Under My Wheels » gjekk inn på listene både i USA og andre land, og fleire andre låtar frå albumet har vorte ståande som klassiske Alice Cooper-låtar.
Då dei flytta til Detroit , den største scenen for hardrock i USA på
Written by
in