Bela Lugosi’s Dead

Written by

in

Musikkstilen til Bauhaus var frå byrjinga av dyster og mørk postpunk , og dei vert rekna som det første ekte goth-bandet . Flørten deira med nettopp gotisk litteratur kom fram på debutsingelen deira « Bela Lugosi’s Dead » frå 1979. På trass av at songen varar i over ni minutt, vart han på mange måtar epokegjerande for goth-rock med den drivande bassen sin og enkle trommerytmen. Det at songen høgst truleg er parodisk endra ikkje statusen hans. Songen vart spelt på BBC , og John Peel foreslo at bandet skulle lage ein BBC Session. Det medførte etter kvart til debutalbumet In The Flat Field , som vart svært populær på independent-lista, og kom på 72. plass på pop-lista. Albumet blir rekna av fleire som det første goth-albumet, og det hadde stor innverknad på samtidige musikarar, især den oppveksande goth-generasjonen.