Bandet starta med å spele såkalla garasjerock , og opptredde på diverse mindre arrangement rundt om i heimbyen. Det kunne vere alt frå bursdagsselskap til skuleavslutningar. Dei reiste så til Los Angeles i 1968 , der dei ville prøve lukka. Etter å ha farta rundt i byen utan pengar til verken mat eller klede, trefte dei til slutt på Frank Zappa som straks tok dei under vengjene sine. Bandet vart gradvis berykta for konsertane sine, men ikkje fordi dei spelte bra musikk. Dei fleste meinte nemleg at det heile lét svært så grusamt, og det gjekk sport i å møte opp på ein Alice Cooper-konsert for så berre å gå etter ein song og to. Gjennom Frank Zappa fekk dei signere på Straight Records i 1969 , og dei spelte inn albumet Pretties for You . Dette var eit særs eksperimentelt rockealbum som ikkje svarte til den musikalske ideologien på den tida. Albumet blir i dag av mange fans sett på som ein spesiell kuriositet, men det gjorde seg aldri merka i musikkhistoria som eit sterkt debutalbum. Rett etter utgjevinga spelte bandet på Toronto Peace Festival saman med blant andre Yoko Ono , John Lennon og The Doors . Under konserten vart det kasta ein kylling på scenen. Cooper trudde likevel at han ikkje var ekte, og kasta han tilbake med det resultatet at blodet spruta til alle kantar, og dermed oppstod ryktet om at han beit hovudet av kyllingar på scenen. Denne konserten er gjeven ut i meir enn 50 ulike utgåver, og ingen av dei er godkjende av bandet. Den andre studioplata Easy Action , som vart gjeven ut i 1970 , skapte heller ikkje stor suksess. Bandet var på randa av å gå konkurs og framtida så ikkje ljos ut. Dei hadde uansett gjort seg merka i kultmiljøet, med deira ukurrante musikk og spesielle sceneshow.
Bandet starta med å spele såkalla garasjerock , og opptredde på
Written by
in