Bandet byrja i lag med produsenten Mutt Lange å spela inn neste

Written by

in

Bandet byrja i lag med produsenten Mutt Lange å spela inn neste album, A Tonic for the Troops (1978). I mai nådde den fyrste singelen frå dette, «She’s So Modern», 12. plassen på den britiske topplista. Ein turné rundt Storbritannia kulminerte med ein filma konsert på Hammersmith Odeon. Den andre singelen, «Like Clockwork», nådde Topp ti i Storbritannia med 6. plassen i juli. Albumet kom ut kort tid etter. I byrjinga av november blei den tredje singelen, «Rat Trap», den fyrste rockelåten av eit irsk band som nådde fyrsteplassen på den britiske topplista. «Rat Trap» var òg den fyrste new wave -låten til å nå fyrsteplassen. Den amerikanske versjonen av albumet (med eit lite anna utval av låtar) kom ut året etter på Columbia Records .