Bandet Alice Cooper vart danna i Phoenix i Arizona i USA på midten av 1960-talet . Dei bestod av Vincent Damon Furnier som vokalist, Glen Buxton på sologitar, Michael Bruce på gitar og tangentinstrument, Neal Smith på perkusjon og Dennis Dunaway på bassgitar. Dei kalla seg for The Earwigs , og var alle skulekameratar. Bandet bytte i 1965 namn til The Spiders og seinare The Nazz . I 1968 gjekk dei over til å kalle seg Alice Cooper, fordi det viste seg at eit anna band allereie hadde kalla seg The Nazz . Namnet var henta frå ein skikkelse dei visstnok skulle ha fått kontakt med via spiritisme (dei brukte eit ouijabrett ). Andre grupper har i seinare tid teke etter, som eit band ved namn Lizzy Bordan . Lizzy Bordan blir forresten nemnt i songen «We’re all Crazy» av Alice Cooper frå 1978, eit kjent namn frå ein amerikansk vandrehistorie om ei kvinne som drap foreldra sine.
Bandet Alice Cooper vart danna i Phoenix i Arizona i USA på midten av
Written by
in