Med det tredje albumet til bandet, Fables of the Reconstruction (1985), kom det fleire endringar. I staden for Dixon og Easter valde R.E.M. Joe Boyd til produsent for innspelinga som gjekk føre seg i England. Han hadde tidlegare arbeidd med mellom andre Fairport Convention og Nick Drake . Bandmedlemmene syntest øktene var uventa vanskelege, og var misnøgde grunna det kalde vintervêret og dårleg mat. I denne perioden var bandet på nippen til å løyse seg opp. Den dårlege stemninga under innspelingsøktene enda opp med å gje konteksten til albumet. Stipe byrja å lage tekstar med sørgotisk preg, og han sa i eit intervju i 1985 at han var inspirert av «heile idéen med dei gamle mennene som sit rundt bålet, medan dei fortel vidare … legender og fablar til barneborna». Fables of the Reconstruction vart den mestseljande plata som var utgjeven i USA av I.R.S. til då. Men albumet gjorde det dårleg i Europa, og meldingane frå kritikarane var varierte, nokre meinte ho var kjedeleg og dårleg innspela. Som med dei tidlegare platene, vart også singlane frå Fables of the Reconstruction for det meste oversette av dei fleste radiostasjonane. På same tid byrja I.R.S. å verte frustrerte over bandet sin motvilje mot å oppnå vanleg suksess.
Med det tredje albumet til bandet, Fables of the Reconstruction
Written by
in