Hand in Glove

Written by

in

Etter dei hadde skrive plateavtale med Rough Trade Records, sleppte dei fyrstesingelen “Hand in Glove» den 13. mai 1983. Denne utgjevinga — slik alle dei seinare singlane — vart promotert av DJ-en John Peel , men kom ikkje på listene. Oppfylgjarane «This Charming Man» og «What Difference Does It Make?» greidde seg derimot betre. Hjelpt av mange lovord frå musikkpressa og ei rekkje studioinnspelingar for Peel og David Jensen ved BBC Radio 1 , byrja The Smiths å byggja seg opp ein trufast tilhøyrarskare — noko som, særleg i Morrisseys tilfelle, framleis i dag ber kultpreg. Tekstane til Morrissey, sjølv om dei stundom kunne verka nedtrykkjande, var ofte breiddfulle av sardonisk humor , (The Smiths var «éi av få grupper som kan få meg til å le høgt», sa Peel) og dei triste songane om ulukkeleg kjærleik og framandgjering fann eit publikum mellom misnøgde ungdomar som var leie av dei allestadsnærverande synthgruppene som dominerte hitlistene på den tida. Morrissey skreiv om daglegdagse ting; songar om sosiale tilhøve, og alt frå fortviling, det å verta avvist, og dauden , til vegetarianisme og engelsk musikkmiljø.